Hjem / Aktuelt / HiO-nytt / Arkiverte nyheter / 2009 / 10 / Fri programvarepris til Øyvind Kolås

Fri programvarepris til Øyvind Kolås

Friprog-prisen til fremming av fri programvare vart tildelt Øyvind Kolås ved ei markering ved Høgskolen i Oslo.
Print artikkel i utskriftsvennlig format
Del artikkel på facebook
Del artikkel på Twitter
Kommenter artikkelen

Prisen vert delt ut kvart år til ein person, gruppe eller bedrift som har utmerka seg med innsats for fri programvare og/eller opne standardar. For første gong vart det også tildelt ein eigen kommunepris.

Prisvinnaren Øyvind Kolås har i årevis medverka til utviklinga av fri programvare, og representerer dei "flittige arbeidarane" på ein god måte, sa juryen i si grunngjeving.

Prisvinnaren Øyvind Kolås har i årevis medverka til utviklinga av fri programvare, og representerer dei "flittige arbeidarane" på ein god måte, sa juryen i si grunngjeving.

Friprog-prisen vert delt ut av den norske Unix-brukargruppa (NUUG) og Høgskolen i Oslo (HiO), og vert finansiert med hjelp frå NUUG Foundation. Prisen for i år er den åttande i rekkja, og vart tildelt ved ei markering i festsalen ved Høgskolen i Oslo, etter ei opning av prorektor Per Arne Olsen.

Formålet med prisen er å auke merksemda rundt fri programvare og opne standardar, og gje løn til enkeltpersonar eller grupper i Noreg som utmerkjer seg i å medverke til utviklinga av, eller fremme bruk av Linux, *BSD eller andre Unix-liknande operativsystem, open kjeldekode, fri programvare og opne standardar.

Pris til den lite synlege utviklaren

– I år ønskjer juryen å framheve den lite synlege utviklaren. Ein i den store mengda av personar som gjev mykje av tida si til å programmere, teste, avluse og omsetje frie program som vi i dag tar for gitt, som ikkje kjem i rampelyset fordi dei ikkje er ein Linus Torvalds. Dei er heller ikkje megafon for politiske kampsaker, men flittige arbeidarar som med sine viktige bidrag til saman utgjer sjølve motoren i den frie programvareutviklinga, sa juryleiar Dag Asheim om juryen si grunngjeving.

Flittig bidragsytar

– Vinnaren har i årevis medverka til utviklinga av fri programvare, og representerer dei "flittige arbeidarane" på ein god måte. Han har medverka til fleire prosjekt som har ført til at programvare som vi tek for gitt har vorte slik dei er i dag, og bidraget hans håpar vi held fram også etter at prisen er vunnen, slik at den frie programvara vil utvikle seg vidare i åra som kjem, sa Asheim.

Programmering og visuell kunst

Vinnaren utmerkjer seg dessutan ved å ha uttrykt si skaparglede og kreativitet både gjennom programmering og visuell kunst, men ikkje minst for å ha klart å kombinere desse.

Eit eksempel på hans bidrag er det han har gjort som arkitekt og vedlikehaldar av GEGL, eit bilethandsamingsrammeverk, som blant anna er i ferd med å verte teke i bruk av bilethandsamingsprogrammet Gimp.

Jimmy Wales

Grunnleggjaren av nettleksikonet Wikipedia, Jimmy Wales, overrekte friprog-prisen.

Han har også medverka i andre prosjekt, dei fleste orientert rundt grafikk og brukargrensesnitt. Installasjonane hans har vore utstilt i Oslo, Bergen og på SIGGRAPH-konferansen, la Asheim til.

Jimmy Wales overrekte prisen

Prisen, eit stipend på 35.000 kroner, diplom og vase, vart overrekt av Jimmy Wales, stiftaren av nettleksikonet Wikipedia, som er eit av dei mest kjende eksempla på at fri programvare med godt resultat er brukt i andre samanhengar enn programvareutvikling. Alt innhald i Wikipedia er laga og kvalitetssikra av frivillige som gjer resultatet tilgjengeleg for alle under fri lisens.

I løpet av få år har Wikipedia vorte det største oppslagsverket som er tilgjengeleg på nett, med bidrag frå mange tusen frivillige over heile verda. Wikipedia har heile tida lagt vekt på fri informasjonstilgang og opne standardar.

Jimmy Wales svarte på spørsmål frå salen etter prisoverrekkinga.

Med i juryen for Friprog-prisen er Bjørn Remseth (EFN), Dag Asheim (Redpill Linpro), Axel Bojer (Stiftelsen for åpne kontorstøtteprogrammer), Bertrand Maugain (eZ Systems), Anders Kringstad (Skolelinux) og Kyrre Begnum (HiO.) Sekretær er Håvard Fosseng (NUUG). Det var 31 nominerte til prisen.

Kommunepris for første gang

I år vart det også for første gang tildelt ein pris til årets fri programvarekommune. Prisen vert tildelt til ein norsk kommune eller fylkeskommune som har utvikla fri programvare med stor delingsverdi for andre kommunar, og som gjennom bruk har synleggjort verdien av fri programvare og gjennomført prosjekt basert på opne standardar. Årets pris vart tildelt Kongsberg kommune. Øystein Johannessen frå OECD overrekte prisen.

Fakta om fri programvare

Fri programvare er laga med fullt innsyn for alle. Brukarane står fritt til å nytte programvara som dei vil, og så mykje som dei vil. Dei får tilgang til kjeldekoda, slik at eventuelle feil raskare kan oppdagast og rettast på, og betringar kan programmerast av brukarane sjølve. Programvara er som oftast gratis, og leverandørar tener heller pengar gjennom brukarstøtte og opplæring.

[Tekst og foto: Olav-Johan Øye]


Leserkommentarer til artikkelen