Referat faggruppemøte 2.1O.09
Referat frå faggruppemøta i arbeidet med rammeplan og retningslinjer
Oslo 2.10.2009 kl. 11.00 – 15.00.
Til stades:
Lars Austnes (kunst og handverk), Thor Ola Engen (tversgåande ressursgruppe), Magne Espeland (musikk), Pål K. Hansen (naturfag), Peder Haug (pedagogikk og elevkunnskap), Arne Hole (matematikk), Asle Holthe, (mat og helse), Margret Hovland (samfunnsfag), Petter Erik Leirhaug (kroppsøving), Frode Lundemo (frammandspråk), Per Arne Michelsen (norsk), Bjørn Sørheim, (engelsk), Inger Margrethe Tallaksen (praksis) og Per Anders Aas (RLE).
Hans-Jørgen Brucker og Inger Vederhus (sekretariatet - ordstyrarar og referentar)
1. PER ARNE MICHELSEN FRÅ NORSKGRUPPA: UTFORDRINGAR OG PERSPEKTIV FRÅ ARBEIDET MED RETNINGSLINJER OG INNSPEL TIL FORSKRIFT
Organisering og fagtradisjon: Gruppa er delt inn i to arbeidsgrupper, ei for språk og ei anna for litteratur. Heile gruppa står bak vedtak på begge område. Norskgruppa er representativt samansett i høve til sentrale område i faget, (grammatikk og språkkunne, norsk som andrespråk, litterære emne, norskdidaktikk) og legg vekt på at faget har ein sterk tradisjon som eit stort og sentralt lærarutdanningsfag, Det er semje om å ikkje lage eit nytt fag, denne solide faglege og didaktiske tradisjonen er utgangspunktet for arbeidet med nye planar for å styrke fagutdanninga for lærarane.
2 utdanningar: Retningslinjene vil vise store skilnader når det gjeld krav til fagkunnskap i dei to utdanningane. Differensieringsproblematikken er sentral. Så langt har gruppa arbeidd seg fram til 4 store emne. Når det gjeld overordna fagsyn og generell kompetanse, vil ikkje skilnadene vere store. Strevet har vore å bli presise i arbeidet med utbytteformuleringar. Frykta er å lage ei smørbrødsliste som mister det overordna grepet. Utfordringa ligg i kor konkret ein kan vere. Kollisjonspunktet er det utleverte formatet som likevel disiplinerer bra, formuleringane skal ikkje vere lengre enn 1 – 2 sider. Refleksjonen over faget i praksis er ein viktig del av utbytteformuleringane.
Sjanger: Har forstått det slik at ein over utbytteformuleringane, skal skrive ein kort prosatekst om faget i lærarutdanninga jf. disposisjonen. Denne prosaen arbeider no gruppa med, teksten vil ta vare på norskfaglege overordna perspektiv.
Fritak: Norskgruppa har diskutert fritaksreglane og foreslår at det i 5 .– 10. -utdanninga ikkje skal vere fritak for ei av dei to målformene for dei som skal bli norsklærarar med 60stp. Norsklærar på dette nivået skal ha samla solide kunnskapar og ferdigheiter i og om norsk språk og litteratur, dette er faglege fundament. Paralellen blei tatt til matematikkfaget, om ein der t.d. skal ta ut geometri av faget (tal og geometri kan bli sett på som sidestilte størrelsar der).
Det blei elles vist til Forskrift til opplæringslova, §3-22, endring i 2009, denne gjeld grunnskolen og vidaregåande opplæring. Retten til fritaket frå opplæring på ei av målformene er skjerpa, og det er uttrykkeleg sagt at dei som har opplæring, men fritak frå vurdering, skal ha undervegsvurdering utan karakter i faget. http://www.lovdata.no/for/sf/kd/td-20060623-0724-007.html#3-22
Innspel frå fagmiljø: Ønske om open prosess til t.d. LNU, (Landslaget for norskundervisning i skolen), men problematisering av å kaste blår i auga om innverknad. Det er faggruppa som er det myndige subjektet her.
Frå diskusjonen:
- Det er viktig at faggruppene får innspel om friprosateksten over eller under utbytteformuleringane, slik at malen for alle blir mest mogleg felles. Det er ikkje sikkert at det er naturleg for alle faga å ha med ein slik tekst om innhald eller mål.
- Verdisyn må inn i formuleringane om faget
- Retningslinjene må ha mest mogleg prinsipielle og eksemplariske fagmodellar, ikkje vere prega av sidestilte enkeltsaker (den encyklopediske tradisjonen).
- Tilknytinga til praksis og profesjon må vere eksplisitt, og det overordna fagdidaktiske perspektivet tydeleg.
- Utbytteformuleringane må gå ut frå store emne, 30 stp.
Til avklaring: Skal ein skrive noko i retningslinjene om overgangsordningar mellom faga i dei ulike utdanningane?
II: ARNE HOLE: FRÅ MATEMATIKK: UTFORDRINGAR OG PERSPEKTIV FRÅ ARBEIDET MED RETNINGSLINJER OG INNSPEL TIL FORSKRIFT
Gruppa har arbeidd mykje med praksisinnrettinga og profesjonsinnrettinga av faget. Det er semje om at det fleirfaglege perspektivet som matematikk er ein del av i lærarutdanninga er viktig. Det er derfor ein potensiell misnøye med den valte strukturen for utdanningane fordi den ikkje fremmar likeverdig fleirfagleg samarbeid, noko som ein t.d. har gode røynsler med ved lærarutdanninga i Oslo om språk og læring. Slike fleirfaglege samarbeidsfelt styrkar også det faglege arbeidet i enkelte fag i profesjonsutdanninga.
Faggruppa i matematikk ser at faget pedagogikk og elevkunnskap likevel, trass i strukturelle hinder, kanskje kan vere ein møteplass for eit slikt fleirfagleg samarbeid. Er det ønska?
Gruppa har også diskutert forholdet mellom det matematikkfaglege og dei didaktiske perspektiva, og slit med å kome fram til gode utbytteformuleringar. Utbytteformuleringane er ikkje lette å bruke, dersom ein vil gje tydelege styrande føringar for faget. Ein vil ha tydeleg styring av kva som skal undervisast i dei ulike emna, men innhaldet må også vere basert på tidlegare erfaring frå lærarutdanning i matematikk.
Detaljeringsgraden i utbytteformuleringane er eit problem. Vanskeleg å lage progresjon når ein ikkje veit korleis Pedagogikk og elevkunnskap vil legge opp planane. Det er viktig å få innspel om dette, faget ønskjer samarbeid med Pedagogikk og elevkunnskap og oppfattar det faget som ein stamme i lærarutdanningane.
Skal verkeleg faggruppene ikkje seie noko om vurderingsformene i faget? Vurdering heng jo nøye saman med utbytteformuleringane?
Faggruppa i matematikk har også diskutert om namnet på faget i lærarutdanninga skulle endrast, matematikk retta mot skolen etc.
Gruppa legg ut planane i dei faglege fellesområda på nettet, informerer dei fagdidaktiske miljøa og tar mot fornuftige innspel.
Frå diskusjonen:
Spørsmål om forholdet mellom utbytte og vurderingsformuleringar må avklarast. Læringsutbytteformuleringane må lagast slik at dei er førande for vurdering. Vurderingsformer må beskrivast på eit eksemplarisk overordna nivå og ha heile utdanninga som perspektiv. Ein må demonstrere eksemplariske prinsipp og ikkje ha for stor detaljeringsgrad. Abstraksjonsnivået må vere godt. Fellesperspektiv som tilpassa opplæring og kunnskap om fleirkulturelle forhold må inn. Lokal institusjonsfridom må vere sentral vel og merke innanfor dei rammene som blir lagt. Spørsmålet om korleis ein skal oppfatte kravet om progresjon i faga og i utdanninga må avklarast.
ERFARINGER OG AKTUELLE PROBLEMSTILLINGER FRA FAGGRUPPEARBEIDET I PEDAGOGIKK OG ELEVKUNNSKAP VED PEDER HAUG.
Peder Haug viste en PP-presentasjon (se vedlegg) som viste en inndeling av faget basert på emner og studiepoeng.
Han presiserte at pedagogene må ta et overordnet ansvar, men at det var en vesentlig forskjell mellom å planlegge og å undervise i faget. Det er også vesentlig med en samordning mellom PEL-faget og planen for praksis.
Lederne for de andre faggruppene ga tilbakemelding på innledningen. Noen hadde laget egne notater som ble delt ut i møtet. Disse blir lagt ved som egne dokumenter.
Fra diskusjonen:
- Burde læringsutbytte vært brukt som begrep i stedet for målbegrepet?(Se Peder Haugs ppt.)
- Bør strukturen, dvs. rekkefølgen av punktene i dette foreslåtte innholdet av faget, være annerledes slik at faget ikke oppleves som for topptungt, fra det generelle til det spesielle?
- Bør Rammeplanutvalget gi føringer for omfanget av andre fag som skal inn?
- Emner som bør behandles er grunnleggende ferdigheter, menneskerettigheter, dannelse, flerkulturell kompetanse, bacheloroppgaven, FoU-samarbeid, praksis, estetiske arbeidsmetoder og instrumentelle ferdigheter. I tillegg må det legges til rette for samarbeid mellom skolefagene og PEL.
- Det kan bli frustrasjoner omkring fordeling av studiepoeng.
- Det var ikke ønske om løse kurs
- Grunnleggende ferdigheter ble nevnt som tversgående eksempel på område der skolefagene og PEL har komplementær kompetanse.
- Det er viktig å få inn moment om skolen som helsefremmende arena.
- Hva skjer med de områdene i Pedagogikk og elevkunnskap som ikke er pedagogikk og som Stortingsmelding 11 understreker skal inn i faget?
FORANKRING AVARBEIDET I FAGMILJØENE
Noen fag bruker nettverk, nettsider eller epostlister til informasjon og som grunnlag for dialog med sine fagmiljøer. Andre vil sende ut informasjon noe senere denne måneden.
Frå sluttdiskusjon
Det var eit felles ønske om at bacheloroppgåva vart knytt til Pedagogikk og elevkunnskap det tredje året med studiepoeng og til fag og praksis som ligg der eller frå tidligare år.
Ein treng ei felles avklaring om den faglege statusen til bacheloroppgåva, om kva som er den minste studiepoengeininga som det er hensiktsmessig å skrive utbytteformuleringar for. Pedagogikk og elevkunnskap - gruppa må sjølv definere faget slik at det inkluderer perspektiva frå diskusjonen over. Det blei nemnt at RPU burde definere kor myke andre fag enn Pedagogikk og elevkunnskap som skal med i bacheloroppgåva.
Her finner du:
Innspel frå Pedagogikk og elevkunnskap pr. 2.10.09




