Bachelorstudium i fotojournalistikk
Fotojournalisten er både fotograf og journalist, og arbeider med å formidle informasjon og nyhende gjennom bilete.
Fotojournalisten vurderer korleis bilete kan brukast journalistisk i pressa. Yrket er både kreativt og teknisk.
Fotojournalistar må kjenne til samtida og kunne formidle visuell informasjon med basis i normer for kritisk og uavhengig journalistikk. Dei samarbeider gjerne tett med journalistar i ein redaksjon. I mindre publikasjonar vil fotojournalisten ofte både skrive reportasjar og artiklar, og ha ansvaret for bilete som skal følgje teksten.
I fotojournalistikken arbeider ein med ulike sjangrar, og fotojournalistar har kunnskapar om pressebiletet som verkemiddel og om dokumentasjonsfotografiet i historisk samanheng og i samtida, nasjonalt og internasjonalt.
STUDIEINNHALD
Du får undervisning i generelle journalistiske og fotojournalistiske fag. Det første studieåret er det fokus på fototeknikk, arbeid med nyhende og lokale og nasjonale tilhøve. I den første delen av studiet følgjer du det same opplegget i undervisninga som journaliststudentane. I det andre studieåret arbeider du med reportasje og biletteori, og søkjelyset er retta mot internasjonale tilhøve. I det andre og tredje studieåret kan du spesialisere deg i video. Heile det femte semesteret har du praksis i ei mediebedrift.
JOBBMOGLEGHEITER
Dei fleste fotojournalistar arbeider i pressa, men du kan også få jobb i andre medium eller arbeide som frilansfotograf.
ARBEIDSMÅTAR
- Førelesningar
- Praktiske øvingar
- Oppgåver, individuelt og i grupper
Fotojournaliststudentane har eige undervisningsrom med spesialutstyr. Dei kan dessutan bruka redaksjonsrommet ved avdelinga med datamaskiner, radio- studio og TV-studio. Studentane må disponere eige digitalt kamera. Studentane arbeider i nettavisa Journalen frå første semester.
PRAKSIS
I det tredje studieåret har studentane praksis i ein redaksjon i eitt semester.
STUDIUM I UTLANDET
Det andre studieåret reiser mange av studentane til utlandet for å arbeide med internasjonal reportasje. I det tredje studieåret er det mogeleg å ta heile eller deler av året i utlandet.
OPPTAKSPRØVE
I tillegg til generell studiekompetanse krevst ei godkjent todelt opptaksprøve som består av arbeidsprøver og heimeprøve. Det er høve til å velja mellom eller kombinere stillbilete og video. Søkjarane blir rangerte på grunnlag av resultatet av opptaksprøva kombinert med ordinær utrekning av poeng.
Du må søkje på studiet på vanleg måte via Samordna opptak innanfor dei vanlege fristane.
Nyhendejournalistikk og medieinnføring (30)
Nyhendejournalistikk (30)
Biletteori (10)
Featurejournalistikk (15)
Fordjupingsoppgåve (15)
Mediesamfunnet (5)
Internasjonal reportasje (15)
eller
valfritt emne (15)
Frilansarbeid (10)
Praksis (30)
eller
valfrie emne (30)
Reportasjeprosjekt (20)
eller
TV-dokumentar (20)
Det kan bli endringar i innhaldet. Tala i parentes viser omfang av studiepoeng. Sjå også fag-/studieplan for studiet.
Informasjon om opptaksprøven 2010
Arbeider av nåværende og tidligere studenter
Journalen – nettavis laget av studentene




