Steinprøver frå heile verda

Agat
Av Olav-Johan Øye
Avdeling for ingeniørutdanning har no fått ei eiga steinsamling som kan nyttast i undervisinga. Samlinga inneheld om lag 330 steinprøver frå heile verda, som er registrerte med namn, gruppe, bergart/mineral, funnstad, tidspunkt for funn og vekt. Steinane er samla i eit spesiallaga skåp.
Samla inn av hobbygeolog
Steinane er samla inn for mange år sidan av ein tidlegare medarbeidar ved høgskulen, Jan Stubergh, som hadde geologi som hobby, og har vore tekne vare på av Byggseksjonen ved Avdeling for ingeniørutdanning.
– I fjor sommar systematiserte tre studentassistentar, Hege Andreassen Øiseth, Ilny Rekstad og Gjermund Mæsel Kolvik, samlinga. Opplysingane om steinane var for det meste registert frå før, men det stod att noko arbeid som vi fekk god hjelp til av Rune Snæring Selbekk frå Naturvitskapleg museum, fortel høgskolelektor Hans Petter Hoel på Bygg ved Avdeling for ingeniørutdanning.
Eigen nettkatalog
Elles er samlinga fotografert og lagt inn i ein database. Ein eigen nettkatalog med bilete og opplysningar om steinprøvene er utarbeidd.

Andraditt
– Det er dessutan laga eit eige skåp til samlinga, der kvar steinprøve har sin eigen plass, seier Hoel.
No kan samlinga brukast av lærarar som kan ha nytte av steinprøver i undervisninga, og av studentar som treng prøver til oppgåver. Innan bygg og kjemi er det til dømes aktuelt med steinprøver, eller til dømes i lærarutdanninga. I og med at alt er merka er det lettvint å finne den prøva ein ønskjer. Dei som vil låne steinprøver kan ta kontakt med Hans Petter Hoel eller studieleiar Øivind Husø.
Tek i mot steinprøver
– Vi ser gjerne at samlinga vert bygd ut. Om nokon har steinprøver som kan vere med i samlinga tek vi gjerne i mot. Men vi må ha funnstad og tidspunkt, og helst kva bergart eller mineral det er, seier Hans Petter Hoel.
Les meir
Leserkommentarer til artikkelen
Flott at samlingen endelig er kommet på plass!
Det var bare på hekten at ikke steinsamlingen også havnet i en avfallscontainer, med så mye annet fra ingenørutdannelsens historie fra 1873 til 2007 i Cort Adelers gt. 30. Det har sin egen historie som de rette vedkommende kan utdype!
Hans J. Berge (21. januar 2010)
RE:Flott at samlingen endelig er kommet på plass!
Dette var en god nyhet! Veldig fint at samlingen gjøres tilgjengelig for studenter og lærere på hele HiO.
Siv Eie v/Lærerutdanningen (22. januar 2010)




