Hjem / Aktuelt / HiO-nytt / Arkiverte nyheter / 2010 / 04 / Studentveiledning og danning

Studentveiledning og danning

På tvers av fag, på tvers av avdeling, på tvers av høgskolar – eit grasrotinitiativ.
Print artikkel i utskriftsvennlig format
Del artikkel på facebook
Del artikkel på Twitter
Del på nettby
Google Buzz
Kommenter artikkelen

For første gong i høgskolanes historie går dei tre veilederutdanningsmiljøa ved Høgskolen i Oslo (ved avdelingane for helsefag, for lærarutdanning og internasjonale studiar og for samfunnsfag) og dei to tilsvarande miljøa ved Høgskolen i Akershus (ved avdelingane for helse, ernæring og leiing og for yrkesfaglærarutdanning) saman om å arrangere ein konferanse om veiledning - Veilederkonferansen 2010.

Veielderkonferanse

Konferansemapper skal fyllast, frå venstre Gerd Bjørke HiO/PUS, Nina Bjerketveit Ødegaard HiO/HF, Åse Broman HiO/SAM og Sidsel Tveiten Avdeling for Helse, ernæring og ledelse HiAk/HEL. Wiebke Klages, HiO/LUI var ikkje med på bildet.

Frå Lesvos til Oslo

Dei to høgskolane sentralt på austlandet inviterer no til den sjette konferansen innafor det nasjonale nettverket for veilederutdannarar, som vart etablert på Lesvos i 2002. I tillegg til to konferansar på Lesvos (Universitetet i Agder sin kursstad), den eine i regi av Lærarakademiet i Bergen, så har nettverket hatt slike samlingar annakvart år, i Trondheim, på Lillehammer og i Tromsø. No har turen kome til HiO-HiAk.

Fruktbart samarbeid

I år blir fokus retta mot studentveiledning i eit danningsperspektiv. I ei tid med vekt på studentaktive pedagogiske tilnærmingar i høgre utdanning, i kjølvatnet av Kvalitetsreforma, og med danningsaspekt i kvalifisering for profesjonelt arbeid på dagsorden, så blir det no stilt spørsmål om kva dette inneber for roller, utfordringar og muligheter for studentar og lærarar.

I konferansen blir det sett lys på danningsperspektiva, på kunnskapsformer, på tillitsforhold og strukturar i profesjonsutdanningane, som rammer for veiledningssituasjonar og veiledningsforhold mellom studentar og lærarar. Konferansen dekkjer mange praksisfelt, men kvalitet på studentveiledning er felles for alle.

Det er 150 påmelde til konferansen, frå dei fleste høgskolane og universitet i landet, og ganske mange veiledere frå praksisfeltet. Konferansen pågår torsdag 22. og fredag 23. april. Torsdag kveld inviterer Oslo kommune konferansedeltakarane til mottaking og omvising i Oslo Rådhus.

Les meir




Leserkommentarer til artikkelen